Bygstad

Kart

Slik flyg du

← →
Sving (flyet legg seg på skrå)
↑ ↓
Nasen opp og ned
Mellomrom
Gass: hald inne for meir fart
Shift
Brems
P
Pause
Esc
Landa, tilbake til kartet

Dra med tommelen på venstre side av skjermen for å styre: til sides for å svinge, opp og ned for nasen. Hald inne Gass eller Brems til høgre. Ein spelkontroll fungerer òg.

Slepp, så rettar flyet seg opp att og held vanleg fart. Det kan ikkje krasje: kjem du for nær bakken, trekkjer det opp av seg sjølv.

Om kartet

Kartet viser Bygstad og nabobygdene i 3D. Innanfor den stipla firkanten, frå Laukeland og Blægja til Langeland og Sande, er terrenget Kartverket sin laserskanna terrengmodell med éin meters oppløysing: så nøyaktig at du ser vegskjeringar, bekkefar og steingardar. Utanfor er terrenget grovare.

Terrengmodellen viser berre bakken, utan tre og hus. Husa du ser når du er nær, er teikna oppå frå OpenStreetMap. Samanlikna med Kartverket sin modell, på 4 000 tilfeldige punkt, viser kartet høgda med eit typisk avvik på 2 cm på flat mark og 4 cm i vanleg li. I bratte stup (over 45°) kan det bli 0,3 m (95 % av punkta), fordi berre eitt punkt per meter er med.

Fly

Trykk Fly for å ta av der du ser på kartet, eller vel ein stad i lista for å flyge inn mot han. Med tastatur: piltastane styrer, mellomrom gir gass. På mobil styrer du med tommelen.

Kjelder

Terreng: © Kartverket, nasjonal detaljert høgdemodell (DTM 1 m, CC BY 4.0), lagra i ruter på om lag 1,1 m med høgder avrunda til 6 cm. Utanfor detaljområdet: Mapterhorn og kjeldene deira. Kart: Sweatkraft Maps, © OpenStreetMap. Stadnamn: Kartverket.

Feil eller idear? Send ein e-post til info@bygstad.com.